Blogg
Skrive av: Rune Gangstø
Ja… Som du sikkert har lagt merke til, så er det skrive ganske lite her på bloggen i det siste. Dette er vel stort sett grunna at eg ikkje har brukt så mykje tid framfor datamaskina i det siste. Eg vil tippe at det er brukt ca 10-15 min på datamaskina kvar dag, med unntak av nokre arbeidsoppgåver som eg har drive litt med.
Det er omtrent noko som skjer heile tida her på Fjellheim. Ein har folk rundt seg omtrent same kvar ein vender seg, og det er nesten heile tida noko å gjera på. Er det ikkje nokon å vere med, så kan ein slå seg ned på rommet eller ein annan stad og lese litt i Bibel, songbok eller andre skrifter. Det er eigentleg litt fint, men det kan nok til tider bli litt mykje av det gode òg. At eg treng å bruke meir tid med […] Fortsett lesing…
Skrive av: Rune Gangstø
Ja… Eg har ikkje skrive så mykje her i da siste, truleg mykje fordi eg ikkje har orka å setje meg ned framfor datamaskina for å skrive noko. Men det er no slik at eg no er komen fram til Tromsø og Fjellheim.
Det er ikkje alle som er komne enno, men det kjem folk litt no og då, og det er då nokon ein har vorte kjend med.
Men eg trur eigentleg ikkje eg skal skriva så mykje meir, men det kan henda at eg legg ut nokre bilete frå sommaren som no er forbi
Skrive av: Rune Gangstø
Ja… I går kveld kom me heim igjen frå ein snartur te Evje. Turid hadde blitt med Astrid m/fam heim te Evje, så då måtte me ta turen der for å henta ho. Da må vel kanskje seiast at Astrid hadde bursdag òg då, så da va no litt derfor og altså.. ![]()
Men ja…, me reiste ned der på lørdag, og for heim igjen på søndag, i går altså. Da va ein grei tur, men da mesta gjekk jo med te kjøring, ca seks tima utanom pausane, kvar veg. ^^
Ellers har eg vel kanskje lova å legga ut bilde frå byggjeprosessen her heima, og da får eg vel prøva på no då ![]()
Her e da noken bilde frå lørdagen i allefall
Skrive av: Rune Gangstø
Ja… Dei dagane ein e ute og arbeide e litt hardare enn ka eg vanligvis e vane med. Ein holde nemlig på å bygga hus, eller nærare, ein ny tønneverkstad.
Ja, så då går jo dagane med te da, og da e ikkje heilt fritt for at eg e ein smule gåen.. ![]()
Kjeme vel kanskje noken bilde ette kvart…
Og so…. veit eg ikkje om eg orka å skriva meir
Skrive av: Rune Gangstø
Eg e no offisielt ferdig med sommarjobben eg har hatt i Norheimsund, Bok og Media. Da har vore ei kjekk tid, da må absolutt seiast, spesielt når ein treffe på hyggelige og pratande utlendinga og får solgt ein heil del med varer. Det er blitt seld heile seks gitarar den tid eg var på jobb (inklusive den eg har kjøpt sjølv), og ein som var interessert mens eg var der, var innom i går og kjøpte sin gitar. Hadde eg vert der då, hadde det blitt sju gitarar mens eg var der. Joda… Det er kjekt at det blir seld ein del gitarar. Det vart nett bestilt inn to nye gitarar, men dei er, for å sei det slik, revne vekk. Ein må nok ta seg bryet med å bestilla på nytt.
Da e no egentlig ikkje gitar ein forvente å finna i ein bokhandel, men da e da altså i denna, og dei e absolutt te ein rimelig penge.
Ellers e da stort sett regn, regn og enno meir regn. Da kan vel seiast å vera litt kjedelig. Ellers har eg prøvd meg litt på gitarspeling, og noke får ein te, men da e lenge sio ein har spelt noke serleg gitar, så da merkast i fingrane, litt i allefall.
Men då får ein vel berre sei: Ha ein god dag, så preikast me
Skrive av: Rune Gangstø

Eg vil eigentleg berre seia at eg har kjøpt meg gitar
Der eg jobbe no, i bokhandelen i Norheimsund, sel me nemlig gitarar. Ikkje berre det, men dei er eigentleg veldig rimelege i forhold til kva veil. utsalspris er. Me hadde nokre forskjellige gitarar inne, men ikkje så alt for mange, og det var berre to typar som hadde stålstrenger, som var det eg ville ha. Forskjellen på dei to var at den eine hadde innebygd “preamp” eller kva dei kallar det, og den andre ikkje hadde det. Ellers var utforminga noko annleis. Men med tanke på at prisskilnaden var minimal eller ingen, valde eg sjølvsagt den med moglegheit for tilkopling mot forsterkar.
Gitaren det er snakk om er ein Morgan Western 104CE eller noko slikt. Det er altså den det er bilete av her
Eg trur nok eg absolutt kan anbefala å kjøpa gitar i Norheimsund
Skrive av: Rune Gangstø
Då er spotify offisielt kome til Ubuntu, det vil seie, i ein preview versjon. Det er for tida berre pakka for Ubuntu/Debian baserte distribusjonar, men det kjem truleg til andre distribusjonar etter kvart som utviklinga skrid fram.
Det er nok mange som har venta på denne versjonen, og no er den endeleg her
Den fungerer utruleg bra òg, og det er nok slik at ein del av dei problema ein har hatt ved å køyra Spotify i WINE, no er vekke. Men som nemnd er det berre ein preview, så ein kan ikkje forvente all verda enno, men det er absolutt eit steg i rett retning. Den er dessverre berre tilgjengeleg for Spotify Premium brukarar for tida, dette grunna at dei ikkje har funne ein god måte å legge inn reklamen på i denne versjonen. Men eg reknar med at det etter kvart vil kome ein fullverdig versjon for Linux. Eg har lagt merke til at det faktisk finst nokre funksjonar i Linux-versjonen som ikkje finst i Windows-versjonen. Det er jo litt stilig
Då e da berre å kosa seg med Spotify for Linux
Dersom du skulle vere interessert, har eg ei speleliste som eg likar godt sjølv, som eg kan tenkje meg å dele. Spotify HTTP-link: http://open.spotify.com/user/runegang/playlist/4E11jKuDoOrawlZLiuVC5d
Skrive av: Rune Gangstø
Ja… Sånn omtrent fram te for kanskje ein time sio, har da vore fint vêr i dag. Den tio vart nytta te å ta seg ein tur ut for å fotografera littegranne, samtidig som mammo og pappen plukka markjordbær. Bildo kan ein no sjå her
Ja, eg veit da e mykje likt so da eg har tatt bilde av før, men eg e no enkel sånn, eg finne da eg veit eg synest kan vera fint, og so prøve eg igjen. Da kan alltid tas bilde i frå ein anna vinkel
Ellers vente eg på at da ska bli litt finare farga og skye på himmelen, for eg har litt lyst å skifta ut bildet på toppen av denna sio, men da har liksom berre vore øveskya, og da e ikkje so kjekt å ha på da bilde […] Fortsett lesing…
Skrive av: Rune Gangstø
Ja… Planen min va jo egentlig å oppdatera denna bloggen med ganske so jevne mellomrom og relativt ofte. Da ser ikkje ut te at da målet e heilt sånn so da va tenkt…
Dagane går no, eg har stort sett vore på jobb i Norheimsund, Bok og Media. Der e da egentlig ganske kjekt, for ein får snakka med masse rare folk. Da e mest tå dei norske, men da hende da e noken utlendinga, og dei e da no litt ekstra kjekt å snakka med, så sant dei faktisk har noke å sei, og dei ikkje snakke tysk, for då kan eg egentlig ikkje svara dei så mykje. Da e no eg angre på at eg ikkje hadde tysk på ungdomsskulen ja… Men da e no so
Te høsten no, på Fjellheim, ska eg læra meg Spansk, og […] Fortsett lesing…
Skrive av: Rune Gangstø
Kol 4,2-6
Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud! Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for. Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent. Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt. Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.
Be gjerne for meg, for eg klarar ikkje av meg sjølv å gå ut med ordet, vete kva steg eg skal ta her i livet. Såg berre dette bibelverset og tenkte på det at det er godt med forbøn. Be gjerne for meg at eg må finna den vegen eg skal gå, og kva eg skal ta meg til i framtida.
Eldre postar »
Arkiv frå den nye bloggen
Arkiv frå den gamle bloggen
Bloggen er drifta av WordPress

