Om meg

Eg heiter Rune Gangstø og kom til verda ein gong i 1991.
Fusa kommune er min heimstad, men no bur eg på hybel på Jæren, sida eg går på Tryggheim VGS.
Eg har så lenge eg kan hugse vore interessert i data, og heimesida mi på nett har vore ganske lenge. Frå nokon irriterandes bakgrunsfargar til det nyaste designet i dag. Eg veit ikkje når eg laga den fyrste sida mi, men ved å sjå på archive.org, finn eg ut at den i allefall har vore sida 2003. Eg trur eg har hatt sider før denne tid, på andre serverar. Den fyrste sida eg kan hugse var på home.no/runegang, men der er det lite igjen no.

Eg likar å ta bilete, og har tatt ein god del bilete med mobiltelefonen dei siste åra. Spesielt etter at eg fekk min Benq-Siemens S88, som hadde eit svært godt kamera. Dessverre var ikkje resten av telefonen like god :S. Denne telefonen gjekk sundt på bursdagen min i første klasse på VGS. Eg har no ein Neo Freerunner til telefon. Men med tanke på bilder, så brukar eg no eit Canon EOS 450D med eit Tamron 18-270 mm objektiv. Da e herligt med speilrefleks. Du kan sjå i galleriet mitt for eksemplar på kva bilete eg har tatt.

Skulen eg no går på heiter som tidligare nemnt Tryggheim. Dette er ein kristen vidaregåande skule, og her har dei ganske mange fag. Eg gjekk første og andre året på bygg og annlegg og vidare på byggteknikk, men går no går eg på påbygg. Så då er spørsmålet kva eg skal gjere vidare. At eg valde bygg og annleggsfaget er kanskje litt rart for mange, spesielt ettersom eg har hatt så stor interesse for data. Grunnen er ganske enkel, og den er at om eg velger elektro, var eg redd for at det vart alt for mykje tid framfor ein skjerm. Eg likar òg å bygje, så derfor følte eg at bygg er det rette for meg. Eg har i seinare tid begynt å stussa meir på kva eg skal velje, og det har ikkje blitt lettare den siste tida. Eg lurer no på kva Gud har til plan for mitt liv. Eg har følt litt på misjonærkallet, og tenker at dersom Gud vil, så kan er eg plutselig i Afrika eller for den sak si skuld, preikande på byggeplassen heime i Norge.

Det var litt om meg. No... Legg gjerne igjen ei helsing i gjesteboka eller i kommentarfeltet på bloggen min ;)

Rune Gangstø

Besøkstatestikk

Antall besøk: 20196
Brukarar online: 4